Om Vinje

Vinje bryggeri ligg i fjellkommunen Vinje med om lag 60 % av arealet over 1000 meters høgde. Vinje er ein kulturkommune med historie og busetting attende til steinalderen. Då som no levde folk av og med naturen. Jakt, fiske og friluftsliv står framleis sterkt, og vakre omgjevnader, karrig jord og heftig klima har inspirert og pressa fram noko av det flottaste me har av kulturskattar – heilt fram til i dag. Kjem du frå Vinje er du stolt av det!

Vinbyggjen har alltid vore oppteken av kvalitet, og han strekk seg alltid etter det beste. I Vinje har ein blant landets høgaste tettleik av rikt utsmykka trebygningar frå før Svartedauden. Vinje har avla fram meistarspilemenn som Myllarguten og Ottar Kaasa, gullstruper som Sondre Bratland, Nordstoga-brørne og Ingebjørg Harmand Bratland. Frå vesle Vinje kjem au verdsdiktarar som Haldis og Tarjei Vesaas og nemnde Aasmund Olavsson Vinje, og det var her målarane Sørensen og Kihle verkeleg fekk fart og sving på penselen. I eit slikt miljø der janteloven har dårlege kår og inspirasjonen ligg i lufta, var det like naturleg at ølbryggarkunsten skulle få gode kår. Ein veit at det i meir enn tusen år har vore dyrka både byggmalt og humle opp mot tregrensa i Vinje for å kunne svare på kyrkja og kongens krav om å levere nok øl til ein kvar tid. I tillegg har eineren vore nytta som konservator og smaksfremjar til alle tider. Vinje bryggeri lagar øl etter kjente naturlovar og tuftar sine smaksopplevingar på kyndige lokale smakslaukar og tradisjonar. Og sjølvsagt har me rikeleg nok av reint og godt vatn som er nykkelen til det gode brygget.