Om Øla våre

VANDRAR, LJOST ØL, 4,5%
I mange hundre, kanskje tusen år har hovudvegen mellom aust og vest gått gjennom Vinje. Vandrarar og reisande har alltid sett sitt preg på bygda.
Vandrar er eit lettbeint kølsch- inspirert øl. Det er ljost med eit dempa sitruspreg. Passar blant anna godt til grillmat og sjømat.

 

 

 

 

MOTBAKKEØL, PALE ALE, 4,7%
Motbakkeølet vårt er ein pale ale med balansert sødme og syrlegheit. Det er eit ljost og humlerikt øl. Passar blant anna til vilt og fisk.
Det var ein lokal prest som fyrst spurde etter motbakkeøl. Det går jo opp og ned her i livet.

 

 

 

 

 

DIKTARØL, RED ALE, 4%
Diktarøl er ein red ale, eit rust- raudtfarga øl med mykje maltsmak.
Vinje er ein diktarstad med lange tradisjonar. Gamle heltar og komande stjerner vil få plass på etiketten. No ser eg atter slike fjell og dalar som deim eg i min fyrste ungdom såg. Og same vind den heite panna svalar: og gullet ligg på snjo som før det låg. Aa. O. Vinje

 

 

 

 

VIPA, INDIAN PALE ALE, 4,7%
Vipa er Vinje bryggeri sin eigen IPA. Eit breitt samansett humlespekter gjev rik smak med eit friskt preg av sitrus og blomeeng. Passar like godt aleine som til blant anna kjøt, gryterett eller ein kraftig ost.

 

 

 

 

 

HANAHOME, PILS, 4,7%
Hanahome er ein klassisk pils med ein liten VB vri, tørrhumla med amerikansk humle. Eit gamalt segn fortel om den stoltaste og yraste hanen i Preste- garden ved Vinjevatn. Då han til slutt endte sine dagar på hoggestabben, flaksa han så fælt at han letta. Hovudlaus segla han til han landa på ein liten holme ein km avgarde. Der var det heile over. Ro vyrdsamt forbi når du ferdast her på Vinjevatn.

 

 

 

VERDSARV, STOUT, 4,7%
Stouten frå Vinje har eigenskapar mange ynskjer seg: høg og mørk, kraftig og stø. Verdsarv er det mørkaste ølet vårt, brygga med sjokolademalt, havre og vatn frå Møsvatn. Då Europa stod framom ein forferdeleg hungersnaud var det Sam Eydes kunstgjødsel produksjon på Rjukan som redda millionar av liv. Og vatnet frå Møsvatn var grunnlaget for det heile. Passar blant anna til ein kraftig kjøtrett eller konfekt.

 

 

 

TVISYN, AMERIKANSK PALE ALE, 4,7%
Tvisyn tyder evna til å sjå retta og vranga på livsens vev, å sjå ei sak frå fleire sider. Aasmund Olavsson Vinje var ein stridbukk med flògvit og tvisyn og med ordet i si makt. Som målmann, refsar, journalist, diktar og friluftsmann sette han djupe spor. Det er i takksemd og til heider me brygger jubileumsølet Tvisyn 200 år etter han vart fødd i Vinje 06.04.1818.

Tvisyn er ein APA med ein fyldig maltsmak som er balansert med 4 aromatiske amerikanske humletyper. Eit gyllent øl med moderat bitterheit, lett sødme, forsiktig blomearoma og ein tørr og frisk ettersmak. Ølet passar til det meste frå Vinjeaure med koka jordeple til heimelaga hamburger, frå salt snacks til sterk mat.