Vinje bryggeri

Vinje bryggeri –  øl som fortel historiar

No ser eg atter slike fjell og dalar. Aasmund Olavsson Vinjes kjende strofe peikar attende til dei fjella han vaks opp med på garden Plassen i Vinje i Telemark. Når du kjem til Bøgrend langsmed E-134 i Vinje, ser du ganske sikkert Vinje bryggeri som ligg blant akkurat desse fjell og dalar midt mellom Oslo og Bergen, aust og vest og midt i sør-Noreg. Vinje bryggeri er eit lite handbryggeri som har teke mål av seg å lage øl og fortelje gode historier frå Vinje.

Om Vinje

Vinje bryggeri ligg i fjellkommunen Vinje med om lag 60 % av arealet over 1000 meters høgde. Vinje er ein kulturkommune med historie og busetting attende til steinalderen. Då som no levde folk av og med naturen. Jakt, fiske og friluftsliv står framleis sterkt, og vakre omgjevnader, karrig jord og heftig klima har inspirert og pressa fram noko av det flottaste me har av kulturskattar – heilt fram til i dag. Kjem du frå Vinje er du stolt av det!

Vinbyggjen har alltid vore oppteken av kvalitet, og han strekk seg alltid etter det beste. I Vinje har ein blant landets høgaste tettleik av rikt utsmykka trebygningar frå før Svartedauden. Vinje har avla fram meistarspilemenn som Myllarguten og Ottar Kaasa, gullstruper som Sondre Bratland, Nordstoga-brørne og Ingebjørg Harmand Bratland. Frå vesle Vinje kjem au verdsdiktarar som Haldis og Tarjei Vesaas og nemnde Aasmund Olavsson Vinje, og det var her målarane Sørensen og Kihle verkeleg fekk fart og sving på penselen. I eit slikt miljø der janteloven har dårlege kår og inspirasjonen ligg i lufta, var det like naturleg at ølbryggarkunsten skulle få gode kår. Ein veit at det i meir enn tusen år har vore dyrka både byggmalt og humle opp mot tregrensa i Vinje for å kunne svare på kyrkja og kongens krav om å levere nok øl til ein kvar tid. I tillegg har eineren vore nytta som konservator og smaksfremjar til alle tider. Vinje bryggeri lagar øl etter kjente naturlovar og tuftar sine smaksopplevingar på kyndige lokale smakslaukar og tradisjonar. Og sjølvsagt har me rikeleg nok av reint og godt vatn som er nykkelen til det gode brygget.

Om verksemda

Vinje bryggeri vart skipa som eit AS så seint som 22.mai 2017. Ølbrygging er eit fantastisk handtverk med lange tradisjonar og evig forbetringspotensiale. Draumen om det perfekte ølet driv oss og triggar vilja til alltid å ville lære noko nytt. Me bruker kjende og tradisjonelle råvarer men utviklar våre eigne øloppskriftar i samspel med eit veldig kompetent lokalt ølsmakarlaug som alltid er klare for ein dugnadsinnsats med gane og tunge.

Langsmed E-134 om lag 9 km vest for Åmot ligg Vinje bryggeri lett tilgjengeleg med god parkeringsplass. Bygget inneheld bryggeri, butikkutsal og ein liten pubfløy. Planen er å kunne ha nokre pubkveldar i månaden, lukka arrangement som selskap, blåturar og ølsmaking.

Om Øla våre

VANDRAR, LJOST ØL, 4,5%
I mange hundre, kanskje tusen år har hovudvegen mellom aust og vest gått gjennom Vinje. Vandrarar og reisande har alltid sett sitt preg på bygda.
Vandrar er eit lettbeint kølsch- inspirert øl. Det er ljost med eit dempa sitruspreg. Passar blant anna godt til grillmat og sjømat.

 

 

 

 

MOTBAKKEØL, PALE ALE, 4,7%
Motbakkeølet vårt er ein pale ale med balansert sødme og syrlegheit. Det er eit ljost og humlerikt øl. Passar blant anna til vilt og fisk.
Det var ein lokal prest som fyrst spurde etter motbakkeøl. Det går jo opp og ned her i livet.

 

 

 

 

 

DIKTARØL, RED ALE, 4%
Diktarøl er ein red ale, eit rust- raudtfarga øl med mykje maltsmak.
Vinje er ein diktarstad med lange tradisjonar. Gamle heltar og komande stjerner vil få plass på etiketten. No ser eg atter slike fjell og dalar som deim eg i min fyrste ungdom såg. Og same vind den heite panna svalar: og gullet ligg på snjo som før det låg. Aa. O. Vinje

 

 

 

 

VIPA, INDIAN PALE ALE, 4,7%
Vipa er Vinje bryggeri sin eigen IPA. Eit breitt samansett humlespekter gjev rik smak med eit friskt preg av sitrus og blomeeng. Passar like godt aleine som til blant anna kjøt, gryterett eller ein kraftig ost.

 

 

 

 

 

HANAHOME, PILS, 4,7%
Hanahome er ein klassisk pils med ein liten VB vri, tørrhumla med amerikansk humle. Eit gamalt segn fortel om den stoltaste og yraste hanen i Preste- garden ved Vinjevatn. Då han til slutt endte sine dagar på hoggestabben, flaksa han så fælt at han letta. Hovudlaus segla han til han landa på ein liten holme ein km avgarde. Der var det heile over. Ro vyrdsamt forbi når du ferdast her på Vinjevatn.

 

 

 

VERDSARV, STOUT, 4,7%
Stouten frå Vinje har eigenskapar mange ynskjer seg: høg og mørk, kraftig og stø. Verdsarv er det mørkaste ølet vårt, brygga med sjokolademalt, havre og vatn frå Møsvatn. Då Europa stod framom ein forferdeleg hungersnaud var det Sam Eydes kunstgjødsel produksjon på Rjukan som redda millionar av liv. Og vatnet frå Møsvatn var grunnlaget for det heile. Passar blant anna til ein kraftig kjøtrett eller konfekt.

 

 

 

TVISYN, AMERIKANSK PALE ALE, 4,7%
Tvisyn tyder evna til å sjå retta og vranga på livsens vev, å sjå ei sak frå fleire sider. Aasmund Olavsson Vinje var ein stridbukk med flògvit og tvisyn og med ordet i si makt. Som målmann, refsar, journalist, diktar og friluftsmann sette han djupe spor. Det er i takksemd og til heider me brygger jubileumsølet Tvisyn 200 år etter han vart fødd i Vinje 06.04.1818.

Tvisyn er ein APA med ein fyldig maltsmak som er balansert med 4 aromatiske amerikanske humletyper. Eit gyllent øl med moderat bitterheit, lett sødme, forsiktig blomearoma og ein tørr og frisk ettersmak. Ølet passar til det meste frå Vinjeaure med koka jordeple til heimelaga hamburger, frå salt snacks til sterk mat.

Kontakt

Vinje Bryggeri AS

Vinjevegen 1075

3890 Vinje

info@vinjebryggeri.no